VilVite Bergen Vitensenter - Bergen Science Centre
Om oss
VilVite på hjul er VilVite sitt omreisande vitensenter som besøkjer distriktsskulane i Hordaland og Sogn og Fjordane. VilVite på hjul starta med oppsøkande verksemd hausten 2006 som prøveprosjekt i samarbeid med Science Circus, Jærmuseet, og vart delfinansiert av Sparebanken Vest sitt allmennyttige fond, Visjon Vest.
Etter 29 skulebesøk på hausten 2006 vart VilVite på hjul etablert som eit permanent tilbod hjå VilVite. Ei av våre viktigaste oppgåver som regionalt vitensenter er å nå ut til skulane i distrikta, då særlig elevar og lærarar med lang reisetid til Bergen.
Målet vårt er å gje elevar og lærarar ein annleis skuledag, for å skape undring og stimulere både elevar og lærarar til å nytte seg av spennande forsøk i undervisninga.
Kven er vi?
VilVite på hjul består av (fra venstre) avdelingsleiar Asle Moldestad, formidlar Anna Trøite Sandven og formidlar Kai Håkon Sunde.
Asle | Tlf.dir: 55 59 45 28 | Mobil: 909 90 260 | |
Anna | Tlf.dir: 55 59 45 26 |
| |
Kai | Tlf:dir: 55 59 45 29 |
|
Meir informasjon?
- Tilbod til grunnskulen
- Førebuing til besøk
- Besøksplan
- Bestilling, prisar og referansar
- Omtale og bilde av VILVITE på hjul
Samarbeidspartnarar
- StatoilHydro
- Science Circus, Jærmuseet
- Den kulturelle skulesekken i Hordaland
- Enova

