Logg inn

VilVite Bergen Vitensenter - Bergen Science Centre

VILVITE på hjul

kai og asle

VilVite på hjul er VilVite sitt omreisande vitensenter som besøker distriktsskulane i Hordaland og Sogn og Fjordane. På hjul starta med oppsøkande verksemd hausten 2006 som prøveprosjekt i samarbeid med Science Circus, Jærmuseet, og vart delfinansiert av Allmennyttige fond, Sparebanken Vest.

Etter å ha besøkt 29 skular hausten 2006 vart VilVite på hjul etablert som eit permanent tilbod hjå VilVite. Ei av våre viktigaste oppgåver som regionalt vitensenter er å nå ut til skulane i distrikta, då særlig elevar og lærarar med lang reisetid til Bergen.

Målet vårt er å gje elevar og lærarar ein anleis skuledag, for å skape nysgjerrigheit og stimulere både elevar og lærarar til å nytte seg av spennande forsøk i undervisninga.

vilvite på hjul alle personer

Kven er vi?
VilVite på hjul består av (fra venstre) avdelingsleiar Asle Moldestad og formidlarane Anna Trøite Sandven og Kai Håkon Sunde.

Samarbeidspartnarar
Science Circus, Jærmuseet
Sparebanken Vest
Den kulturelle skulesekken i Hordaland
Enova
StatoilHydro

Meir informasjon?
- Tilbod til grunnskulen
- Førebuing til besøk
- Besøksplan
- Bestilling, prisar og referansar
- Omtale og bilde av VILVITE på hjul

Søk

Knapp: Logg inn



Knapp: Kanal VILVITE

Kanal VILVITE

Knapp: BKK


Knapp: VilFinne


Knapp Det skjer på VilVite


Knapp VilFeire