Satellitt Sunnhordland

Talentsenter i realfag satellitt Sunnhordland er eit sosialt og fagleg tilbod for elevar frå 6. til 8. trinn som er ekstra interesserte i matematikk, naturfag og teknologi – eller som har stort potensial for å utvikle seg innan desse faga. Her får elevane ein heilt unik arena der dei kan møte andre som er like nysgjerrige som dei sjølve.

Undervisninga følgjer VilVite-metoden: utforskande og praktisk læring, der elevane får undersøkje, prøve ut, stille eigne spørsmål og finne eigne svar. Målet er å gi dei større utfordringar, meir inspirasjon – og å utvikle talent dei kanskje ikkje visste at dei hadde.

Og det beste av alt? Dette er heilt gratis for elevane.

For å få plass må ein søkje kvart år, på vårparten. Elevane som får plass, deltek på fire samlingar i løpet av skuleåret.

Kvar samling går over to dagar, i skuletida, og har sitt eige tema. Her jobbar dei saman i ei gruppe på 20 elevar frå ulike skular i regionen.

Talentsenteret i Sunnhordland er ope for elevar i heile regionen.

Kort sagt: Talentsenter i realfag er ein plass for barn og unge som brenn for å lære, som vil bli utfordra, og som synest det er gøy å dykke djupare ned i realfaglege tema.

Elevane får besøkje ulike verksemder i regionen og kan bli inspirerte til å vende tilbake til regionen etter endt framtidig studie.

Vi ønskjer deg og verksemda di med på laget slik at vi kan oppretthalde dette tilbodet i Sunnhordland. Talentsenter i realfag motiverer dine framtidige tilsette! Bli med på spleiselaget og så frø for framtida! 

Satellitt Sunnhordland har blitt til i samarbeid med  SR-banken, HVL, Sparebanken Norge, SKL, Kattnakken, Tekna Sunnhordland, Salt Ship Design, Breeze Ship Design, Multiconsult, Stord kommune og Atheno. Tusen takk for støtten.
 
 

Nysgjerrig på prosjektet?

Talentsenter i realfag satellitt Sunnhordland:

Besøk hos Kattnakken:

Tema skuleåret 2026/2027

Syn og lys med Brilleriet

Musikk med HVL

Teknologi med Wärtsila 

Ingeniør-samling  med Aker Solutions 

Kompetanseheving i skulen

Ønskjer skulen din å auke kompetansen om «elevar med stort læringspotensial»? Våre kurshaldarar kjem gjerne gratis til skulen din.

Vel kurs og bestill her:

Lærerkurs til din skole "Elever med stort læringspotensial"

http://www.vilvite.no/skole-og-barnehage/laererkurs/laererkurs-paa-skolen-kompetansepakken-elever-med-stort-laeringsptensial/

 

 

Søknadsperiode

Har du lyst til å delta på Talentsenter i realfag sin satellitt i Sunnhordland skuleåret 2027/2028?

Då kan du og føresette dine søkje om plass mellom vinter- og påskeferien. 

Søknadsportalen er nå stengt og dersom du har søkt vil du få svar på din søknad innen 25. september 2026. 

 

Lisa Hasholt Fosse

Skole - Talentsenter i realfag

Åsmund Natås

Talentsenter i realfag - Satellitt Sunnhordland

Satellitt Sunnhordland har blitt til i samarbeid med  SR-banken, HVL, Sparebanken Norge, SKL, Kattnakken, Tekna Sunnhordland, Salt Ship Design, Breeze Ship Design, Multiconsult, Stord kommune og Atheno. Tusen takk for støtten.
Har du lyst å støtte prosjektet videre? Ta kontakt med oss på lihf@vilvite.no 
Hovedsponsorer for VilVite