Elevar på lag med framtida

– Ikkje mykje av det vi jobbar med i skulen er meir relevant for framtida enn robotprogrammering, seier Trond Skutlaberg, rettleiar for First Lego League-laga Legomix og TechMech ved Garnes skule. No ser han frem til årets regionale finale i verdas største kunnskaps- og teknologikonkurranse for barn og unge.

Tekst og foto: Magne Fonn Hafskor

First Lego League (FLL) har vore arrangert årleg sidan 1999, og går ut på at elevar får forske på og foreslå ei løysing på ei samfunnsaktuell utfordring. Deltakarlaga sine løysingar blir så presentert på den regionale turneringa på VilVite-senteret 7. november. Her skal dei òg – ved hjelp av ein Lego Mindstorms-robot dei har bygd sjølv – løyse bestemte oppdrag på robotbanen.

Kvar robotkamp varer i to og eit halvt minutt, og alle lag har tre innleiande runder der den beste poengsummen er teljande. Dei beste laga konkurrerer vidare fram til finala. Laget som tek samanlagt-sigeren og vinn championsprisen i turneringsbyen, blir invitert til å delta i den skandinaviske finala – som blir halden tre veker etter dei regionale konkurransane.

Heildigital finale
Onsdag kom meldinga frå VilVite om at årets regionale finale blir heildigital. VilVite planla å samle 25 lag med 120 deltakarar og rettleiarar til regional finale laurdag 7. november, med omfattande smitteverntiltak og tilpasningar av konkurransen. No blir det fysiske arrangementet erstatta med digitale innleveringar og kåring av vinnere i websending. 

– Vi veit at barna har jobba og gleda seg i vekevis, og eg skulle ønske vi kunne gitt dei ei velfortjent og fantastisk oppleving på VilVite. Sjølv om vi har lagt opp til omfattande smitteverntiltak, vurderer vi at risikoen ved å møtast fysisk har blitt for stor etter utviklinga dei siste dagane. Både foreldre, lærarar og vi sjølv har blitt urolege av dei stigande smittetala. Vi vil vere sikre på at vi kan gjennomføra heile turneringa og kåre ein vinnar vi kan sende til den skandinaviske finala. Difor legg vi no om til ei heildigital turnering med innsending av alle bidrag for bedømming, seier prosjektleiar Charlotte Tonheim ved VilVite. 

Etter dette kom Bergen kommune med nye, strenge tiltak. Men websending vert det – sjå her.

DELER KUNNSKAPEN FRITT

Årets konkurransetema heiter «Replay», og handlar om å få folk bort frå skjermane og tilbake i aktivitet – derav namnet.

– Oppgåva er eigentleg tredelt, forklarar Trond Skutlaberg, som har rettleia fleire lag gjennom 11 sesongar av FLL. Til dagleg er han avdelingsleiar ved Garnes skule der han rettleiar dei to laga skulen stiller med til årets FLL-turnering.

– Du har teknologien, som er å bygge ein robot og løyse oppdrag, så har du forskinga, som handlar om å finne ei problemstilling, gjere undersøkingar og kome opp med ei løysing, og så har du den tredje biten, som er kjerneverdiane.

Sistnemnde handlar om at laget skal vere medvitne på kva dei har lært, kva dette kan brukast til, korleis dei har samarbeida, korleis dei har fordelt oppgåvene, og korleis dei har formidla og delt ideane slik at andre lag kan ha nytte av dei.

– Alle må dele kompetansen dei har fått med andre lag, og vere med og heie på og løfte fram andre lag, forklarar Skutlaberg.

– Lego er sterkt inne?

– Ja, og dei har utvikla mykje flott teknologi. Robotane fungerer på same måte som i industrien, så det som barna lærer i dette prosjektet er ganske direkte overførbart til ei seinare yrkeskarriere, seier han.

– Sjølv om dette er eit leiketøy, så er det same måten å programmere på – og dei same prosessane med feilsøking når ting ikkje virker – så det er utruleg interessant med tanke på yrkeslivet. Ikkje mykje av det vi jobbar med i skulen er meir relevant for framtida enn robotprogrammering og FLL.

– Dei fleste ingeniørar har vel leika med Lego då dei var små?– Det har dei nok, men Lego i seg sjølv blir på ein måte berre basisen som du treng for å bygge dette opp. Sjølv har eg aldri likt å leike med Lego, men eg er utruleg fascinert av dette prosjektet – for her handlar det om å styre robotar med programmering.

(Arikkelen held fram under bileta.)

TVERRFAGLEG SKULEPROSJEKT: – Eg veit ikkje om nokon andre skuleprosjekt som er meir oppdatert i høve til vår tid, seier Trond Skutlaberg, og reknar opp: Nyfikne, utforsking, utprøving, digitale ferdigheiter, samarbeid og gode kjerneverdiar med deling av informasjon. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

UNGE FORSKARAR: Amalie Erdal Aasen, Ingeborg Kvingedal Lindsetmo og  Sebastian Matre har forska på korleis Pokemon Go-appen kan vidareutviklast til å få folk til å bli meir aktive. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

PRAKTISK LÆRING

– Du har litt glede av det sjølv også?

– Eg har enormt mykje glede av det sjølv, ikkje minst sidan eg er oppteken av at elevane skal lære mest mogleg. Etter det eg kjenner til så er det ingen andre metodikkar eller læringsmåtar som er meir effektive enn dette.

– Ja, for dette er praktisk læring?

– Det er det. Leverer du inn ei matteoppgåve, så får du svaret over helga eller ei veke seinare, og då er den langt ute av hovudet for lenge sidan. Her kjem derimot responsen umiddelbart. Har du gjort feil med programmeringa, så ser du det med ein gong roboten kjører ut. Det er jo dét dei seier om god læring; at der du kan få responsen umiddelbart, der klarer du også å vedlikehalde interessa.

– Du har vel ikkje nokon som skulkar eller lager bråk i timane når de held på med dette?

– Bråk er det mykje av, men det er kreativt bråk. Det er begeistring og det er armar og bein – men 80 prosent av det som skjer av uro er positiv uro frå barn som er utålmodige etter å kome vidare med læringsprosessane sine.

HAR FORSKA PÅ FORELDRAS SKJERMBRUK

Dette blir svært tydeleg når vi treffer Garnes Legomix, som er eit stort FLL-lag for trinn 6 ved Garnes skule. Skulen har delteke med eigne lag for både trinn 6 og 7 kvart år sidan 2010.

– Det er spanande å få roboten til å gjere det vi programmerar den til å gjere på datamaskina, seier Olivia Lothe, som er ein av 54 (!) elevar som er med i årets utgåve av Garnes Legomix.

– Nokon gonger har det vore vanskeleg å få roboten til å gjere det den skal. Då må vi prøve noko anna, men det treng ikkje vere heilt nøyaktig på millimeteren, utdjupar William Rabben Antonsen.

– Men det er skikkeleg gøy når vi får det til. Då får vi ei kjensle av meistring, seier Sara Vågenes.

Elevane har delt seg inn i eigne programmeringsgrupper og forskargrupper, og så fortel dei kvarandre om kva dei har gjort. Ei av forskargruppene består av Amalie Erdal Aasen, Ingeborg Kvingedal Lindsetmo og Sebastian Matre. Dei har mellom anna undersøkt kor mykje tid gruppas foreldre bruker på aktivitet og kor mykje tid dei bruker framom skjermar.

– Det viste seg at dei brukte veldig mykje meir tid framom skjermar enn på aktivitet, fortel Sebastian.

Gruppa har difor forska på korleis det er å slå saman aktivitet og skjermbruk ved å bruke den kjende appen Pokemon Go som turpartnar rundt omkring i nabolaget – og korleis den kan videreutviklast til å få folk meir aktive.

Sebastian kom med ideen, men alle har vore med å bidra til korleis ein kan utforme ein slik app.

– Vi har tenkt at ein får poeng alt etter kor høgt opp i fjellet ein går, og når ein har nok poeng, kan ein få gåvekort frå sportskjeder, seier Amalie.

– No nærmar det seg konkurransedagen. Kor viktig er det å vinne?

– Veldig viktig, men det går eigentleg fint om vi ikkje vinn òg, seier Ingeborg.– For vi har jo fått gjort veldig mykje gøy.

(Artikkelen held fram under bileta.)

ROBOTBORDET PÅ GARNES SKULE: Sara Vågenes og Jenny Garnes gjer roboten klar, medan William Rabben Antonsen programmerar den til å gjere dei rette rørslene. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

GARNES TECH MECH: Garnes skule har med to lag i First Lego League – her ser vi gjengen frå Garnes Tech Mech. (Foto: Trond Skutlaberg.)

STJERNELAGET FRÅ LONE
Laget på trinn 7 ved Lone skule seier det same. Sjølv om dei håpar på å vinne, understrekar dei at det viktigaste er å ha det moro medan dei førebur seg til konkurransedagen.

– Det er eigentleg ikkje så viktig å vinne, seier Thea Mjelde, ei av jentene på laget med det passande namnet Lone Star.

– Men eg håpar at det går bra, og at vi samarbeider godt nok til at vi greier det.

Med 12 stykker på laget er det klart at samarbeidet ikkje kan gå heilt knirkefritt føre seg. Løysinga for Lone Star har vore litt den same som for Garnes Legomix ­– ved at elevane har blitt sett saman i mindre grupper.

– Vi får ofte gjort meir når vi sit færre saman, seier Sebastian Nikolai Birketveit.

– Når alle er saman, blir det lett til at vi pratar om andre ting.

Thea Mjelde er einig, men legg til at det alltid er mogleg å spørje nokon andre i laget dersom ei mindre gruppe står fast.

– Har det vore nokon problem undervegs?

– Då eg byrja å bygge roboten, hadde eg litt problem med å finne ut korleis eg skulle få  plass til dei ulike delane, seier Sebastian.

– Den må ha vekta i midten, slik at du kan ta i hjula og løfte den opp utan at den fell over på eine sida.

– Har storleiken på roboten noko å sei?

– Eigentleg ikkje, men det er best å ikkje ha den altfor stor, for då kan det vere at den øydelegg litt og ikkje får plass når den skal gjere oppgåvene.

SOM HAND I HANSKE TIL LÆREPLANEN

Når det gjeld forskingsbiten, så har også Lone Star tenkt på ein måte å koble skjermbruk til fysisk aktivitet.

– Vi har plassert QR-koder rundt om på stolpar ute i skulegarden, og så må elevane svare på oppgåver dei får når dei skanner dei med mobilen, forklarer Tobias Ekse Vedå.

Lone Star sin rettleiar er lærar Reidun Lauvås Skutlaberg. Ho er gift med Trond Skutlaberg, og saman har ekteparet hatt ansvar for FLL-lag like sidan 2009.

– Det byrja med at vi sette saman eit privatlag slik at våre eigne barn kunne få vere med, fortel ho.

Barna hennar var den gongen elevar ved Lone skule, som opphavleg hadde eit eige FLL-lag. Diverre blei ho som hadde ansvar for det sjuk, og elevane måtte finne ut av ting på eigahand. Dei deltok likevel i konkurransen, og tok prosjektet vidare til ein privat heim året etter.

– Så var det nokon som slutta og nokon nye som kom til, og i løpet av få år hamna dei i vårt hus.

– Og så tok Lone skule prosjektet opp igjen i 2016?

– Ja, så det er femte året no. Det er veldig gøy, og elevane har veldig godt av det. Vi har også fått med oss fire studentar frå NLA Lærerhøgskolen, som skal lære seg å bli framtidige rettleiarar for FLL.

– Kva utbyte vil du sei at elevane får av prosjektet?

– Elevane får ein veldig god alternativ arena der dei får bruke heile seg. Dei lærer seg å samarbeide i team, får setje seg inn i forsking og møter på mange utfordringar undervegs som dei må finne løysingar på.

– Korleis er FLL kobla opp mot læreplanen?– Det passar som hand i hanske til den nye læreplanen som er komen no. Vi arbeider tverrfagleg, her er dybdelæring over tid, og prosjektet handlar også om livsmeistring og berekraftig utvikling. Eg vil sei at FLL oppfyller dei krava og ønska som ligg i kunnskapsløftet.

(Artikkelen held fram under bileta.)

ROBOTBORDET PÅ LONE SKULE: – Det er best å ikkje bygge roboten altfor stor, for då kan det vere at den ikkje får plass når den skal gjere oppgåvene, seier Sebastian Nikolai Birketveit (til høgre), her saman med (frå venstre) Thea Mjelde, Angelica Vassdal og Leander Stephansen. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

TVERRFAGLEG PROSJEKT: – FLL passar som hand i hanske til den nye læreplanen. Vi arbeider tverrfagleg, her er dybdelæring over tid, og prosjektet handlar også om livsmeistring og berekraftig utvikling, seier Reidun Lauvås Skutlaberg. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

UTFORDRINGAR UNDER PANDEMIEN

Årets konkurranse har diverre blitt hemma av den pågåande korona-pandemien. På sjølve konkurransedagen kan det berre stille fire elevar frå kvart lag, medan resten av laget får følge med gjennom ein direktestrauma video. Den teoretiske delen må denne gongen bli presentert for dommarane gjennom førehandsinnsendt materiale (inkludert ein video).

– Det har vore eit spesielt år i år. Korleis er det å levere inn oppgåvesvara på førehand?

– Det blir noko heilt anna, for du får ikkje spørsmål og svar undervegs. Samstundes sender me inn forskingsrapport og teknologirapport, så dommarane har noko å sjå på, men det vil ikkje kunne erstatte levande barn i ei turnering. Vi er likevel veldig glad for at sjølve turneringa med robotane ikkje er avlyst, seier ho.

Førebuingane har også blitt hemma. Fleire av deltakarlaga ligg på etterskot, og prosessen fram mot konkurransen har dermed blitt svært progresjons-orientert.

– Elevane får ikkje gå inn i så mange «nyttige blindgater», der dei sjølv finn ut at «dette fungerar ikkje, så her må eg tilbake og finne ein annan veg». Du lærer mykje av å gjere feil, seier mannen hennar, Trond Skutlaberg.

– Dette året har vi vore nøydd til å styre elevane på ein annan måte. Dét har ikkje berre vore bra, men slik måtte det bli.


FAKTA FIRST LEGO LEAGUE

  • First Lego League (FLL) er verdas største kunnskaps- og teknologikonkurranse for barn og unge i alderen 4-16 år.
  • VilVite er lokal arrangør. 
  • First Scandinavia står bak FLL i Noreg, Sverige, Danmark og Færøyane. Dette er ein ideell stiftelse som sidan år 2000 har utvikla og gjennomført fleire prosjekt innan realfaga for over 500.000 barn og unge. 
  • Konkurransen er eit samarbeid mellom First Scandinavia og Equinors talentutviklingsprogram Morgendagens Helter – der satsing på utdanning og realfag står sentralt.
  • Årets FLL-tema heiter Replay, og handlar om at deltakarane skal forska på sjølvvalde problemstillingar innan sport og aktivitet.
  • Den regionale FLL-finala for aldersgruppa 10-16 år blir arrangert via VilVite laurdag 7. november – med støtte frå Equinor, BI Bergen, Fana Sparebank og Tekna.
  • På grunn av smittevernhensyn blir årets finale heildigital. Publikum kan følge med på strauming via VilVites nettside. 
  • Meir informasjon: firstscandinavia.org og vilvite.no.

 



Følg oss: