Satellitt Sunnhordland

Talentsenter i realfag satellitt Sunnhordland er eit sosialt og fagleg tilbod for elevar frå 6. til 8. trinn som er ekstra interesserte i matematikk, naturfag og teknologi – eller som har stort potensial for å utvikle seg innan desse faga. Her får elevane ein heilt unik arena der dei kan møte andre som er like nysgjerrige som dei sjølve.

Undervisninga følgjer VilVite-metoden: utforskande og praktisk læring, der elevane får undersøkje, prøve ut, stille eigne spørsmål og finne eigne svar. Målet er å gi dei større utfordringar, meir inspirasjon – og å utvikle talent dei kanskje ikkje visste at dei hadde.

Og det beste av alt? Dette er heilt gratis for elevane.

For å få plass må ein søkje kvart år, på vårparten. Elevane som får plass, deltek på fire samlingar i løpet av skuleåret.

Kvar samling går over to dagar, i skuletida, og har sitt eige tema. Her jobbar dei saman i ei gruppe på 20 elevar frå ulike skular i regionen.

Talentsenteret i Sunnhordland er ope for elevar i heile regionen.

Kort sagt: Talentsenter i realfag er ein plass for barn og unge som brenn for å lære, som vil bli utfordra, og som synest det er gøy å dykke djupare ned i realfaglege tema.

Elevane får besøkje ulike verksemder i regionen og kan bli inspirerte til å vende tilbake til regionen etter endt framtidig studie.

Vi ønskjer deg og verksemda di med på laget slik at vi kan oppretthalde dette tilbodet i Sunnhordland. Talentsenter i realfag motiverer dine framtidige tilsette! Bli med på spleiselaget og så frø for framtida! 

Satellitt Sunnhordland har blitt til i samarbeid med  SR-banken, HVL, Sparebanken Norge, SKL, Kattnakken, Tekna Sunnhordland, Salt Ship Design, Breeze Ship Design, Multiconsult, Stord kommune og Atheno. Tusen takk for støtten.
 
 

Nysgjerrig på prosjektet?

Talentsenter i realfag satellitt Sunnhordland:

Besøk hos Kattnakken:

Tema skuleåret 2025/2026

6. og 7. trinn:

Innovasjon og design med Kattnakken 

Ekstrem vekkjarklokke 

Maritimt design med Salt Ship Design og Breeze Ship Design

Vasskraft med SKL  

8. trinn:

Innovasjon og design med Kattnakken 

Ekstrem vekkjarklokke 

Grønn energi 

Marine innsamlingsmetodar med Havforskningsinstituttet i Bergen

Kompetanseheving i skulen

Ønskjer skulen din å auke kompetansen om «elevar med stort læringspotensial»? Våre kurshaldarar kjem gjerne gratis til skulen din.

Vel kurs og bestill her:

Lærerkurs til din skole "Elever med stort læringspotensial"

http://www.vilvite.no/skole-og-barnehage/laererkurs/laererkurs-paa-skolen-kompetansepakken-elever-med-stort-laeringsptensial/

 

 

Søknadsperiode

Har du lyst til å delta på Talentsenter i realfag sin satellitt i Sunnhordland skuleåret 2026/2027?

Då kan du og føresette dine søkje om plass mellom vinter- og påskeferien, frå 9. mars til og med 17. april.

Søknadsportalen er nå stengt og dersom du har søkt vil du få svar på din søknad innen 25. september 2026. 

 

Lisa Hasholt Fosse

Skole - Talentsenter i realfag

Kai Håkon Sunde

Skole - Talentsenter i realfag

Åsmund Natås

Talentsenter i realfag - Satellitt Sunnhordland

Satellitt Sunnhordland har blitt til i samarbeid med  SR-banken, HVL, Sparebanken Norge, SKL, Kattnakken, Tekna Sunnhordland, Salt Ship Design, Breeze Ship Design, Multiconsult, Stord kommune og Atheno. Tusen takk for støtten.
Har du lyst å støtte prosjektet videre? Ta kontakt med oss på lihf@vilvite.no 
Hovedsponsorer for VilVite